Ich bin auch ein Berliner

Ich bin auch ein Berliner

«Ich bin auch ein Berliner !»



Velkomen til samkome for spleiselaget rundt kunstnarleilegheita HARDANGER – BERLIN

og kunstnarane som har hatt opphald der i 2017 !

Laurdag 13. januar 2018 på HardingarT på Utne.


Programmet for dagen - dels tilpassa ferjetider:

10:30 – 11:00

Velkomen – frammøte,

presentasjon og mingling inkl kaffimat og frukt

11:00 – 15:30
(0pe for alle)

Kunstnarane formidlar erfaringar frå opphald i Berlin, og presenterer noko av det dei har arbeidd med der. Ca 15 min. pr kunstnar. Inkl pausar

15:30– 17:00
Påmelding !

Middag med kaffi og dessert til inviterte gjester med fylgje – kr 239,-
Meny : Hjortegryte m/ris, salat og tytebær - sjokolademousse med kaffi
Drikkevarer er ikkje inkl.


Samkoma har som mål å skapa større forståing for kva kunstnarleilegheita i storbyen Berlin
har å sei for kunstnarar som bur i distriktsnorge.
Og for å visa dykk som er med og betalar for den, kva nytteverdi det er for små lokalsamfunn
at ein har oppdaterte kunstnarar som bur og har sitt virke i Hardanger.

Me håpar alle inviterte set av dagen og deltek på samlinga 13.januar.
Samkoma er ope for alle interesserte fram til middagen, så ta gjerne med fylgje.

Påmelding til Tone Rosten Instanes på epost: tone.rosten.instanes@gmail.
Vert du med kun på samkoma, eller også til middagen etterpå? Fylgje må òg melde seg på.

▼ Show More

Bankbygget, 5778 Utne. 40
Utne
13 January , Saturday 11:00